15.-16. juni er det duka for ein konferanse i Seljord med temaet "Kulturlandskap og kulturell identitet". Konferansen er og eit ledd i det internasjonale partnarskapet Farmers for Nature. Påmeldingsfrist er 24. mai.
- Konferansen blir ein møtestad for teoretisk og praktisk ekspertise. Vi vil syne korleis folk påverkar og blir påverka av kulturlandskapet, heiter det i programmet. Symbolverdi, identitet, biologisk mangfald og produktutvikling er nokre av temaene. Desse blir behandla i foredrag og samtale, og det blir opplevingar med gardsbesøk, kulturlandskapssafari og rundtur i Hjartdalsbygda.
Klikk her for meir informasjon og påmelding.
Bevaring av kulturlandskap
Statssekretær Henriette Westhrin fra Miljøverndepartementet vil åpne konferansen. Jan Douwe van der Ploeg frå Wageningen-universitetet i Nederland og Ann Norderhaug frå Bioforsk er mellom gjestetalarane, m.a. med temaet "Klokka tikkar - kan vi bevare kuturlandskapet?". Fleire fagfolk frå Telemarksforsking har og innlegg. Aurland og Fyresdal presenterast som eksempler på vellukka bevaring av kulturlandskap og blomstrande lokalsamfunn.
Telemarkskua 150 år
Konferansen i Seljord er og ein møtestad for internasjonale partnarar i EU-programmet Farmers for Nature. Telemark er partnar i programmet, og deltar med prosjektet "The preservation of Telemark cattle", som skal fremje utviklinga av den eldste registrerte ferasen i Noreg. I 2006 feirar vi 150-årsjubileet for telemarkskua. Telemarkskua set Telemar på kartet, og ho er i ferd med å bli eit viktig symbol for fylket i ei tid der det særeigne og unike får stadig større verdi. Telemarksforsking-Bø har ansvaret for prosjektet. Du kan leser meir om det på desse nettsidene: www.telemarksforsking.no og www.farmersfornature.org
Mykje kultur same helga
Dei som deltar i Seljord-konferansen har høve til å delta på ulike interessante kulturarrangement same helga. Det blir rundtur i eit av Noregs vakraste natur- og kulturlandskap, Vest-Telemark. Her kan du lese meir om dette. I Kviteseid er det stor folkefest laurdag 17. juni til ære for Telemarkskua som er 150 år, og opning av Cow Parade. Sjå meir på Kviteseid kommune sine nettsider. I Hjartdal er det slåttefestival den same helga, og dette får du vite meir om på www.hjartdalsbygda.no. Vidare går Viser ved Kanalen av stabelen, m.a. med konsert med Sissel Kyrkjebø på Dalen hotell laurdag. Sjå www.viservedkanalen.no
Samarbeidstiltak
Kulturlandskaps-konferansen er eit samarbeidstiltak mellom Telemarksforsking-Bø, Fylkesmannen i Telemark, Telemark Landbruksselskap, Telemark fylkeskommune, Vest-Telemarkrådet og Dyrsku´n Arrangement AS.
Kontaktpersonar: Harald Tveit, htv@fmte.no, tlf. 35 58 62 61 og Katerina Toro, katerina@dyrskun.no, 35 06 52 43