Publisert 16.05.2006

Fyresdal-smed fekk fylkeskommunens utviklingsstipend
Kulturpolitikarane Lars Bjaadal og Magnhild Holmberg syntes Klausen var ein verdig vinnar.
Han fekk 60.000 kroner i stipend frå Telemark fylkeskommune, kunstsmeden Øivind Klausen frå Fyresdal. Som takk smidde han kulturpolitikarane Lars Bjaadal (Sp) og Magnhild Holmberg (Frp) i Hymens lenker, slik har har gjort med så mange par rundt i heile landet.
Jan Fredrik Vinje
- Dette er ei stor ære, sa Klausen ved prisutdelinga på Evju bygdetun 15. mai. Han har vore smed på heiltid sidan 1991. Nå bur han på eit småbruk i nordenden av Fyresvatnet, men han er eigentleg frå Solum, der han lærde smedkunsten av far sin, Trygve Klausen. - Det er ikkje eit yrke å bli rik av, - ville eg tene pengar ville eg gjort noko anna!

Morosamt å bli beden i bryllup
Fyresdal-smeden har blitt godt kjent ved at han har teke opp tradisjonen med å smi brudepar i Hymens lenker, - ein tusenårig tradisjon frå Skottland. Nå smir han saman brudepar over heile landet med sin eigen seremoni. - Eg hadde ein topp i 2003 med heile 20 bryllup, men i år kan det bli rundt 10. I juni skal eg til Mo i Rana og smi saman eit par. Å bli beden i bryllup er noko av det morosame med å vere smed, seier prisvinnaren. Til sommaren vil han ta sveineprøve som smed, slik at han også formelt kan kalle seg handverkar.

Fører kulturarven vidare
Men det er ikkje først og framst for å smi brudepar han får fylkeskommunens arbeids- og utviklingsstipend. Det meste av tida si brukar han på å ta vare på og føre vidare den gamle smedkulturen, og han arbeider på same måten som norske bygdesmedar har gjort i generasjonar. Han lagar knviblader, lafteverktøy og kopiar av gamal reidskap. Mellom anna har han laga mykje til Riksantikvarens restaureringsprosjekt og handverksregister. - Vi er imponert over den velvilja og djupe interessa han har møtt oss med, og for det han har bidratt med for å nå høg internasjonal kvalitet i vernearbeidet, skriv Riksantikvaren i eit brev.

Vi reise og lære meir
Klausen er og ein formidlar av smed-tradisjonen, og har undervist på kurs ved Høgskolen i Sør-Trøndelag og ved Raulandsakademiet. Han er engasjert som smed og dommar under Dyrsku´n og på andre messer, og i smia si tar han imot praktikantar både frå Norge og andre land. Til sommaren skal han på ein stor smedfestival i Luxemburg, der han skal syne fram teknikken med å lage økser. - Etter det tenkte eg å bruke nokre av stipendpengane til å reise litt i Europa for å lære meir om det eg driv med. Eg veit om nokre stader der det kan vere ny kunnskap å hente, seier Fyresdal-smeden.

Tidlegare vinnarer
Dei som tidlegare har fått fylkeskommunens utviklingsstipend er folkekunstnaren Ingrid Dillekås Adelsøn frå Hovin, folkekunstnaren Bibi Tveito frå Vinje, tredreiaren og rosemålaren Ingebjørg Neset frå Møsstrond og sølvsmeden Arnt Darrud frå Sauherad. Målgruppa for stipendet er tradisjonsbærarar innan husflid og handverk i Telemark, og det blir delt ut kvart år av hovudutvalet for kultur og identitet.




Relaterte nyheter

For mer informasjon kontakt: Geir Berge Nordtveit     Telefon: 35 58 42 73 Mobil: 975 61 676
 
Tips en venn del på facebook Si din mening Les andres meninger Til startsiden