Odd Nordstoga fekk ståande applaus da han tok imot fylkeskommunens kulturpris og synte sine musikalske og artistiske talent på fylkestinget 27. april. - Det gjer meg audmjuk å få så mykje heider og ære, sa prisvinnaren i sin takketale
Endeleg kunne Odd Nordstoga ta imot den kulturprisen Telemark fylkesting tildelte han i fjor haust. Da var han på reise i Italia og kunne ikkje komme. Ein minikonsert i kjent Nordstoga-stil overbeviste representantane i fylkestinget om at denne Telemarks-ambassadøren var vel verd prisen på 50.000 kroner. Med sin ledige stil og allsidige musikalitet fikk han fylkesordføraren til å ønske at fylkestinget skulle dele ut prisar oftare.
- Strålande ambassadør
- Du balanserer på en knivsegg mellom pop og folkemusikk, og har skapt ditt eget musikalske uttrykk. Du er også en strålende ambassadør for Telemark, og vi er oppriktig stolte av deg, sa fylkesordfører Helgesen. Nordstogas suksessplate "Luring" blei solgt i 150.000 eksemplar, og songen "Kveldssong for deg og meg" også kalt "Grisen står og hyler" gjekk som ei landeplage på norske radiostasjonar i lange tider. Naturleg da at prisvinnaren avslutta sin minikonsert for fylkestinget med nettopp denne. Samspelet mellom Nordstoga og bassisten Bjørn Holm var av høg klasse, men til tross for suksessen har Vinje-artisten beina godt plantet på jorda. - Det er kjekt å tene pengar på noko som ein synest er berre moro. Det har ikkje kosta meg ein kalori å gjere det eg har gjort.