Publisert 09.05.2007

Positiv til næringsplan for Vest-Telemark
- Det er svært positivt at det blir utarbeidd ein felles næringsplan for Vest-Telemark, meiner fylkesrådmann Rolf-Helge Grønås. Han vil kople dei ulike prosjekta til fylkesplanens årlege handlingsprogram.
Jan Fredrik Vinje
Hovudutvalet for næring/den gode bustad skal behandle saka 15. mai. I denne omgangen skal utvalet bare uttale seg om Næringsplan for Vest-Telemark 20007-2010, og tar ikkje stilling til dei konkrete prosjekta no. Det er Vest-Telemark Næringsutvikling AS som har utarbeidd forslaget på oppdrag frå Vest-Telemark Tinget. Den endelege planen skal vedtas av Vest-Telemark Tinget i juni.

Her kan du lese heile saka om felles næringsplan for Vest-Telemark

Her er alle sakene i hovudutvalet for næring/den gode bustad 16. mai

Samle og koordinere lokale krefter
- Ein felles næringsplan kan samle og koordinere lokale krefter og ressursar i den retninga som Vest-Telemark ynskjer, seier fylkesrådmannen. Ettersom satsingsområda er i samsvar med fylkesplanen, trur han også at næringsplanen kan bidra til å styrke og målrette samarbeidet mellom Vest-Telemark og fylkeskommunen. Han legg til at dette samarbeidet også omfattar dei vidaregåande skulane si rolle i samfunns- og næringsutvikling.

Må stabilisere folketalet
Framlegget tar utgangspunkt i at Vest-Telemark har eit allsidig næringsliv, men at ein må redusere fråflytting og stabilisere folketalet for å få til ei vidare utvikling. Det er mangel på risikokapital, arbeidskraft og kompetansearbeidsplassar. Nye trender gir framtidsvon: hyttebygging, naturressursar, råvarer og lokal foredling, interesse for kultur og tradisjon.

Fylkeskommunen ynskjer dialog
- Når planen er ferdig vil vi gå i dialog med Vest-Telemark med sikte på å klargjere kva for område fylkeskommunen kan bidra ut frå vår rolle, i samspel med m.a. Fylkesmannens landsbruksavdeling og Innovasjon Norge, skriv fylkesrådmannen. Resultatet av ei slik drøfting blir ein viktig premiss for utarbeiding av fylkesplanens handlingsprogram for 2008. Fylkesrådmannen har bede Vest-Telemark Næringsutvikling AS om å presentere framlegget til næringsplan på hovudutvalets møte, slik at det blir høve til å stille spørsmål og gje kommentarar direkte.




Relaterte nyheter

For mer informasjon kontakt: Frida Sviland     Telefon: 35 58 43 23
 
Tips en venn del på facebook Si din mening Les andres meninger Til startsiden